Nedslite vaskebrett på Sjøsetra i Oppdal
Nedslite vaskebrett på Sjøsetra i Oppdal
Gode og brukte arbeidsreiskapar talar eit eige og eit internasjonalt språk. Deira logiske og teknisk-melodiske form talar til oss både gjennom tanke og hjarte, og skaper derved ein vørnad for det sereigne samspelet mellom klårt vett, varm hand og uthaldande vilje.
Enkel og fullkomen form, som hjulet, bogen, øksa og skia, er både reiskap, skulptur og monument i same skapnad. Vaskebrettet her er òg ein slik reiskap med utvida innhald.
Du står i ei seterbu. Ute bles vind, skyer driv, sol og skugge skifter. Døra går opp i vinddraget, skarp sol står inn langs veggen, og du ser. Det slitne brettet lyser med ei myndig kraft, med ein påminnande styrke langt utanom staden og augneblinken, og det hastande forbrukssamfunnet vi alle er ein del av: Bruk lenger, kast mindre, kjenn tillit, ver trufast.
Tannlege Jogrim Nordsletten
|