Stilling Ledig
Ved Universitetet i Bergen, Odontologisk institutt, er det ledig ei stilling som professor/ førsteamanuensis i odontologi, med særleg undervisningsplikt i fagområdet kariologi.
Professor blir løna etter lønssteg 62 (kode 1013). Førsteamanuensis vert løna i lønssteg 54 (kode 1011). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det blir lagt vekt på ved tilsetjinga, og ei rettleiing for søkjarar til professorstillingar, kan ein få frå sekretariatet for Det odontologiske fakultet, tlf. 55 58 64 70.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttstyrar, førsteamanuensis Kristin S. Klock, Odontologisk institutt, tlf. 55 58 65 96.
Den som vert tilsett i stillinga må ha doktorgrad og klinisk odontologisk spesialutdanning eller tilsvarande kvalifikasjonar. Søkjarar med godkjend spesialutdanning i kariologi vil verte føretrekte.
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar for tilsetjing som professor, kan det verte aktuelt med fast eller mellombels tilsetjing som førsteamanuensis. Krav til førsteamanuensis er norsk doktorgrad i odontologi eller tilsvarande kompetanse. Vedkommande må i tillegg ha klinisk odontologisk spesialutdanning eller tilsvarande kvalifikasjonar, og kunne dokumentere klinisk og teoretisk undervisningserfaring. Også for tilsetjing som førsteamanuensis vil søkjarar med godkjend spesialutdanning i kariologi verte føretrekte. Mellombels tilsetjing som førsteamanuensis er aktuelt dersom det er sannsynleg at søkjar vil oppnå kompetanse i løpet av ein periode på inntil tre år. Ved utløpet av tilsetjingsperioden vil kompetansen verte vurdert på nytt med tanke på fast tilsetjing.
Søkjarane må opplyse om dei ønskjer å verte vurderte for professorat og/eller førsteamanuensis.
Den som vert tilsett har plikt til å ta del i undervisning og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid, og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte verte vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.
Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg innsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Søknadsprosedyre
Søknaden skal sendast i 4 eksemplar og må innehalde eit fullstendig oversyn over utdanning, tidlegare stillingar og anna verksemd, og ei fullstendig liste over vitskaplege arbeid med opplysning om kvar dei er offentleggjort. Søkjarar må oppgje dei vitskaplege arbeida eller delar av arbeida som det skal leggjast særleg vekt på ved vurderinga. Desse bør ikkje vere fleire enn 15. Søknaden må innehalde oversyn over vedlegg som dokumenterer søkjaren sine pedagogiske kvalifikasjonar.
Søkjarane må sende inn 4 eksemplar av vitskaplege arbeid – trykte eller utrykte – som dei ønskjer det skal bli teke omsyn til ved vurderinga og ei liste over desse i 6 eksemplar med opplysning om kvar dei er offentleggjort. Dei vitskaplege arbeida skal vere nummererte og sortert i 4 bunkar, og skal sendast til sekretariatet for Det odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen, innan ein månad etter søknadsfristen (gjeld berre ved søknad til professorat). For førsteamanuensis skal dei vitskaplege arbeida sendast innan søknadsfristen.
Aktuelle søkjarar vil kunne verte innkalla til intervju, og det kan verte aktuelt å avvikle prøveforelesing.
Ein viser elles til «Reglar om framgangsmåten ved tilsetjing i professorat ved Universitetet i Bergen».
Søknaden sendast saman med stadfesta kopiar av vitnemål til sekretariatet for Det odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen, Årstadv 17, 5009 Bergen innan 13. oktober 2003.
Vikar søkes snarest
Søker vikar til privat almenpraksis I Stavanger sentrum, grunnet sykdom. Mulighet for overtakelse. 2 behandlingsrom. Recal. Deler resepsjon og venteværelse med annen tannlege. Lokaler i større forretningsbygg. Tanntekniker i samme etasje. Henvendelse Tlf. 51 52 02 59/ 90 91 36 30.
Ass.tannlege Oslo sentrum vest
Kvalitetsbevisst kollega søkes til privat praksis For 2 Tnl. Fra Medio Nov. Primært 1 Års Vikariat – Med mulighet forforlengelse. Velutstyrt Klinikk, Godt Pasientgrunnlag. Tlf. 22 46 81 00 / 91 89 49 34 E. Kl. 20.00.