Kvardag
Dei store stormane
har du attum deg.
Då spurde du ikkje
Kvi du var til,
kvar du kom ifrå eller kvar du gjekk,
Du berre var i stormen,
var i elden.
Men det gjeng an å leva
i kvardagen òg,
den grå stille dagen,
setja potetor, raka lauv
og bera ris,
det er so mangt å tenkja på her i verdi,
eit manneliv strekk ikkje til.
Etter strævet kan du steikja flesk
og lesa kinesiske vers.
Gamle Laertes skar klunger
og grov um fikentrei,
og let heltane slåst ved Troja.
Olav H. Hauge
Fra: «Dikt i samling.» Det Norske Samlaget; 1985.