Indirect restorations
D. Bartlett & D. Ricketts:
Quintessentials 2007
Dette er bok nr. 25 i Quintessenceserien med «essentials books». Det er ei bok skriven av to erfarne klinikarar med undervisingsbakgrunn. Dette viser seg gjennom heile boka. Dei har ikkje laga ei lærebok i protetikk, men derimot ei bok som viser korleis ein skal vurdere protetisk behandling med omsyn til indikasjon, utføring og prognose. Rett og slett tenkje «biologisk» protetikk ved å bruke dei material og metodar vi har tilgjengelege.
Kapittel 1 til 5 går gjennom indikasjonar for kroner, retensjon, velge rett krone og prepareringsprinsipp. Kapittel 6 og 7 viser korleis ein skal ta ut farge, lage midlertidig restaurering, sementere og tilpasse okklusjon. Kapittel 8 og 9 er litt spesielle, med tips om restaurering av korte kliniske kroner og korleis bruke artikulator. Ser ein bort frå ansiktsbueregistreringa er dette eit veldig godt kapittel med omsyn til bittregistrering og bruk av artikulator.
Boka er i A5-format med god papirkvalitet, gode kliniske bilder og med læringsmål klart formulert fyrst i kvart kapittel. Etter kvart kapittel er der referansar som er så godt oppdaterte som ein kan forvente i ei bok, mykje å hente for dei interesserte.
Dette er ei god bok som med gode kliniske kasuistikkar viser at protetisk behandling ikkje er «sløyd», men vurderingar med omsyn til indikasjonar, målsetting, materialbruk og prognose.
På linje med mange andre bøker i same serie – «Quintessentials» – bør den lesast av tannlegar med interesse for faget og som søkjer kunnskap om oppdatert terapi, og spesielt av tannlegar som gjer protetisk behandling.
Gå på nett og kjøp!
London: Quintessence Publishing Co. Ltd.; 2007. 170 sider. ISBN- 13: 987-1-85097-078-1.