Presisering om SSB sine rapportar om tannhelse
Dorthe Holst tek for seg nokre sider ved to rapportar om tannhelse som Statistisk sentralbyrå publiserte i 2010 (Rapporter 2010/29 og Rapporter 2010/51). Det er behov for å kommentere nokre av påstandane som blir lagt fram.
Det blir hevda at det er eit fråver av oppsummering og diskusjon av resultat frå andre undersøkingar, samstundes som det blir gitt inntrykk av at den likevektige omtalen av store og små prosentforskjellar er problematisk. Til det er det å seie at faglege diskusjonar rundt indikatorar og funn som er presentert i nasjonale og internasjonale publikasjonar er referert til og omtalt i rapportane, deriblant arbeid av Holst, og det har vore viktig for oss å få fram eit heilskapelig bilete av kva tabell- og regresjonsanalysane som er gjennomført faktisk viser.
Det kan synast som om det blir fremma kritikk av bruken av indikatoren tannstatus og innhaldsbestemminga av denne variabelen i regresjonsanalysane som er gjennomført i Rapporter 2010/51. Det er vanskeleg å tolke om det er sjølve inndelinga eller merkelappen «dårleg tannstatus» for dei som har under 10 eigne tenner igjen det blir reagert på. Uansett presiserer vi at føremålet i analysane er å sjå nærare på kva som elles kjenneteiknar dei med høvesvis få og mange tenner igjen, ikkje å setje ei «normativ» grense for dårleg og god tannstatus.
Det blir skrive at det er lett å miste oversikten når også prosentdifferansar blir omtala i framkant av gjennomgangen av resultata frå regresjonsanalysane i Rapporter 2010/51. Det er rett at det er via plass til ein grundig gjennomgang av datamaterialet som seinare blir analysert ved hjelp av logistiske regresjonsmodellar. Det er eit val som er teke for å gi lesaren betre innsikt i grunnlagsdata utan å måtte krysslese dei to rapportane, samstundes som lesaren sjølv skal kunne vurdere styrkar og svakheiter i materialet. At det blir opplevd som forvirrande blir teke til etterretning.
Holst skriv at eigenvurdert tannhelse er ein indikator som må bli tolka med varsemd. Vi er einige. Difor har vi i begge rapportane diskutert validiteten til denne variabelen, blant anna med bakgrunn i litteraturen på området. Det er likevel grunn til å understreke at dette er ein indikator som blir brukt i ulike undersøkingar om tannhelse. Det er også grunn til å tru at eigenvurdert tannhelse er ein indikator som kan gi eit generelt bilete av tannhelsa i befolkninga, på lik linje med at eigenvurdert helse gir eit bilete på befolkninga si helsetilstand.
Det blir hevda at analysane av bruk av tannlegetenester er mangelfulle når dei ikkje inkluderer eit mål for behov. Til det er det å seie at Rapporter 2010/29 inneheld ein brei gjennomgang av udekka behov for tannlegetenester slik fenomenet er kartlagt gjennom levekårundersøkinga, og viser blant anna at fleire sosiale bakgrunnsfaktorar har betyding. I framtidige analysar som følgjer tilnærminga som er brukt i Rapporter 2010/51 vil det vere naturleg å gi variabelen ein meir framskutt plass.
Det kan også synast som om det er vanskeleg å forstå dei logistiske regresjonsmodellane som er nytta i analysane i Rapporter 2010/51. Det kan skuldast at overskrifta i resultattabellane dessverre var utstyrt med feil N. Her er det grunn til å understreke at alle i utvalet som har ein verdi på dei avhengige variablane som inngår i dei respektive modellane er med i analysen. Til dømes inneheld variabelen «Gå ofte til tannlege» både dei som har vore hos tannlege dei siste 12 månadane og dei som ikkje har vore det. For ordens skuld kan det også bli nemnd at føremålet med inndelinga av variablane «Gå ofte til tannlege» og «Gå sjeldan til tannlege» er å analysere kva som elles kjenneteiknar dei som høvesvis har vore hos tannlege siste 12 månader og for meir enn 2 år sidan, ikkje å setje ein norm for kor hyppig ein bør besøke tannlegen.
Vi utelukkar ikkje at rapportane kan bli betre, og innspel som kan bidra til å styrke kvaliteten på statistikk- og analysepublikasjonar er velkomne. Rapportane er tilgjengelige på ssb.no/publikasjoner.
seniorrådgjevar i Seksjon for helsestatisikk, SSB
rådgjevar i Seksjon for helsestatisikk, SSB.
SSB-rapportene
Ekornrud, T. og Arne Jensen (2010): Tannhelse. Personell og kostnader, tannhelsetilstand og tannlegebesøk, Rapporter 2010/29, Statistisk sentralbyrå (http://www.ssb.no/emner/03/02/rapp_201029/ )
Ekornrud, T. og Arne Jensen (2010): Tannhelsetilstand og tannlegetenester. Analysar av regionale og sosiale skilnader i eigenvurdert tannhelse, tannstatus, bruk av tannlegetenester og eigenbetaling hos tannlege, Rapporter 2010/51, Statistisk sentralbyrå (http://www.ssb.no/emner/03/02/rapp_201051/)