Anmeldelser

Esthetic and restorative dentistry

Material selection and technique, Second edition

Douglas A. Terry og Willi Geller

F14-04-025.eps

Denne «mursteinen» av ei bok er skriven av Douglas A. Terry og Willi Geller, sistnevnte verdenskjent tannteknikkar frå Sveits.

Sjølv om denne typen bøker lett kan bevege seg inn i den kosmetiske delen av odontologi, har forfattarane av denne boka stort sett klart å halde seg til den vanlege kliniske kvardagen for dei fleste av oss tannlegar. I løpet av over 700 sider og 14 kapitler tek dei for seg dei fleste kliniske aspekt innan estetisk og restorativ odontologi, basert på relativt gode referanselister. Kvart kapittel startar med ein vitskapleg tilnærming til temaet, og blir etterfulgt av klinikk. Boka er rikt illustrert av svært gode bilete både frå kliniske situasjonar og frå laboratoriet.

Første kapittel tek relativt kort for seg diagnostisering, fargeuttak, overflatekarakteristika og korleis dette kan analyserast med blant anna klinisk fotografering. Deretter kjem ein gjennomgang av prepareringsprinsipp, både i samband med direkte fyllingsterapi (kompositt) og indirekte restaureringar. Minimal-invasive prinsipper vert vektlagt, sjølv om ein stundom kan være litt usamd i indikasjonane for operativ behandling.

Vidare følgjer to omfattande kapitler som tek for seg henholdsvis kompositt og keramiske materialer. Eigenskapar og karakteristika for dei ulike materiala og håndtering for dei fleste kliniske situasjonar vert systematisk gjennomgått.

Logisk følgjer deretter ein gjennomgang av avtrykksteknikk, framstilling av midlertidige restaureringar og sementering. Ein legg fort her merke til at forfattarane legg ned meir tid og arbeid på midlertidige restaureringar enn det dei fleste av oss tannlegar sikkert gjer. Eit eige kapittel tek for seg stifter, med hovudfokus på direkteframstilte fiberforsterka estetiske stifter.

Neste kapittel er dedikert adhesiv teknikk, og dekker dette temaet tilfredsstillande utan å gå for djupt inn i den bakanforliggjande kjemien og teknologien. Positivt at dei diskuterer reparasjon av keramiske restauereringar og kompositt i denne samanheng. Puss, polering og etterbehandling av estetiske restaureringar vert deretter ganske grundig gjennomgått.

Siste tredjedel av boka omfattar store tema som klinisk fotografering, estetisk periodontal kirurgi, implantologi og behandling av misfarga tenner (ekstern og intern bleiking, mikroabrasjon). Dette kompletterer denne boka til å dekke heile det estetiske aspektet ved restorativ odontologi. Boka bærer lite preg av såkalla «extreme makeover»-odontologi, og kan være lærerik og ikkje minst inspirerande for alle tannleger.

London: Quintessence Publishing co. inc.; 2013. 752 pp; 2,000+ color illus; ISBN 978 - 0 - 86715 - 573 - 0

TorgilsLægreid 

Nye bøker og anmeldelser

Tidendes redaksjon mottar et stort antall bøker, både om odontologi og andre fagområder innen helse, samt helse og samfunn med ulike vinklinger, fra forlag i inn- og utland. Mange av disse er det ikke aktuelt for Tidende å anmelde, mens mange sendes til anmeldelse. Det blir derfor jevnlig anmeldt et antall bøker i Tidende under Boknytt. Ofte går det imidlertid noe tid fra boken kommer ut til anmeldelsen foreligger.

For å gjøre bokutgivelser kjent for Tidendes lesere, presenterer vi bøker, både odontologiske fagbøker og de som omhandler andre temaer, med en kort omtale basert på vaskeseddelen fra forlaget, under vignetten Nye bøker. Presentasjonen kommer på det språket boken er skrevet; det være seg norsk, svensk, dansk eller engelsk, og er ledsaget av et bilde av bokens forside.

En presentasjon under Nye bøker i Tidende er ingen garanti for at det kommer en anmeldelse av boken senere, samtidig som det heller ikke utelukker en anmeldelse i en senere utgave.