Foreslå kandidatar til Karl Evang-prisen 2014
Karl Evang-prisen skal gå til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for folkehelsearbeidet. Målet er å stimulere interessa og arbeidet for barnevern, folkehelse og sosiale forhold. Frist for å sende inn forslag til kandidatar er 18. august 2014.?
Karl Evang-prisen vart oppretta i 1981 som ein honnør til den tidlegare helsedirektøren for hans sosialmedisinske pionerinnsats. Målet med prisen er å stimulere interessa og arbeidet for barnevern, folkehelse og sosiale forhold. Helsedirektoratet tok i år over ansvaret for prisutdelinga frå Helsetilsynet.
Kriteriar
Karl Evang-prisen for 2014 skal gå til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for å fremje
- folkehelsa og sosiale forhold som er viktig for denne
- rettstryggleik og tryggleik i barnevernet, helse- og/eller sosialtenesta
- opplysingsarbeid og medverknad i samfunnsdebatten om viktige barnevern-, helse- eller sosialpolitiske spørsmål
Det er ingen føresetnad at vedkommande person eller organisasjon er knytt til barnevernet eller helse- og sosialtenesta. Det vert lagt vekt på at innsatsen er aktuell, men innsats over tid vil òg bli vurdert.
Frist for forslag til kandidat
Frist for å sende inn forslag til kandidatar er 18. august 2014. Prisen er på kr 50 000. Prisen blir delt ut den 15. oktober 2014 i samband med den årlege folkehelskonferansen.
Skriftleg søknad med grunngjeving kan sendast av kandidaten sjølv eller andre personar og organisasjonar til: line.oma@helsedir.no
Komiteen
Komiteen som vel prisvinnar vil fortsette ut 2015 og består av:
- Professor Aslak Syse, Institutt for offentlig rett, Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo (leiar)
- Tidlegare journalist i Stavanger Aftenblad, Marie Rein Bore
- Professor Steinar Westin, Institutt for samfunnsmedisin, Det medisinske fakultet, NTNU, Trondheim
- Høgskolelektor Elisabeth Brodtkorb, Diakonhjemmet Høgskole, Oslo
- sekretær er rådgjevar Line Oma, Helsedirektoratet