Første WHO-retningslinje for digitale helsetenester

F19-06-02.eps

Elleve Cochrane-oversikter har danna kunnskapsgrunnlaget for ei ny retningslinje frå Verdas helseorganisasjon (WHO) som kom i april. Folkehelseinstituttet (FHI) har leda koordineringa av arbeidet med oversiktene. Det er første gang WHO har laga retningslinjer for dette feltet, skriv FHI.

Målet med retningslinja er å gi kunnskapsbaserte anbefalingar til beslutningstakarar om viktige digitale tiltak.

- Retningslinja ser på forskjellige måtar å bruke digital teknologi på for å organisere helsetenester, hovudsakleg ved bruk av mobiltelefon, seier Claire Glenton. Ho er forskar og leiar av det norske Cochrane-senteret ved Folkehelseinstituttet. Saman med Simon Lewin har ho leia koordineringa av arbeidet med dei elleve Cochrane-oversiktene.

Intervju med Claire Glenton og Simon Lewin, Cochrane.org

Oppfølging via tekstmeldingar er eit eksempel på ei digital helseteneste. Men anbefalingane i retningslinja handlar mest om korleis helsearbeidarar kan bruke mobiltelefon til å betre tenestene. Det kan vere å holde styr på forsyningar, lager, rapportering om fødsel og dødsfall og kommunikasjon mellom helsearbeidarar for å få råd og støtte.

To av Cochrane-oversiktene er over kvalitative studiar. Dei ser på i kva grad interessentane er villige til å godta digitale tenester, og i kva grad dei oppfattar tenestene som moglege å gjennomføre. Særleg i land med svake helsesystem kan det vere vanskeleg å gjennomføre tiltak. Teknologien kan vere god, men det hjelper ikkje om ein ikkje har god straumforsyning, god nettdekning og opplæring i teknologien.

Sjølv om retningslinja byggjer på det beste som finst av forsking på området, ser det også avdekka kunnskapshol.

WHO er klar over utfordringane. WHO's Chief Information Officer Bernardo Mariano seier i ei pressemelding at digital helse ikkje er ein mirakelkur. Verdas helseorganisasjon jobbar for å sikre at digitale løysingar blir brukt så effektivt som mogleg. Teknologien skal hjelpe helsearbeidarar og pasientar slik at tenestene blir betre og meir effektive.

I Noreg har vi vore opptatt av å byggje tenester innanfor telemedisin. Dei kvalitative studiane frå Cochrane viste at pasientar og publikum ofte er positive til telemedisin. Slike tenester kan gjere kvardagen tryggare, og gje større moglegheiter til å ta vare på seg sjølv heime. Ein kan og sleppe reiser og reisekostnader. Men nokre pasientar vil savne direkte kontakt med helsepersonell, og det kan opplevast som vanskeleg med tilgang til dei digitale tenestene om ein har hørselsproblem, lite kjennskap til teknologien eller det oppstår tekniske problem.

- For helsepersonell er det viktig at utstyret er til å stole på, lett å bruke og at det er god brukarstøtte. Dei opplever ofte problem med installering, manglande brukarvennlegheit, dårleg integrering med andre system og problem med straum og nettverk. Helsepersonell kan og vere redde for effekten av telemedisin på forholdet mellom pasient og lege og på kvaliteten på omsorga, seier Claire Glenton.

Både helsepersonell og pasientar er til tider bekymra for datasikkerheit og at personlege opplysningar skal bli spreidde.

Dei elleve Cochrane-oversiktene blir publisert seinare i år.