Vegetarianarar et ikkje nok frukt og grønt

Foto: Yay Images.

Halvparten av dei som følgjer ein plantebasert diett, et mindre fullkorn, frukt og grønsaker enn styresmaktene anbefaler.

Det viser ei ny undersøking om matvanar blant 808 deltakarar som held seg til plantebaserte diettar, skriv Universitet i Agder og forskning.no.

– Berre halvparten av deltakarane i vår studie rapporterte at dei et frukt kvar dag. 75 prosent svarte at dei et grønsaker kvar dag, og 25 prosent svarte at dei et produkt med fullkorn dagleg, seier Synne Groufh-Jacobsen.

Ho er doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Agder (UiA), Institutt for ernæring og folkehelse, og har gjennomført studien i samarbeid med forskarar frå OsloMet.

– Studien konkluderer med at dei som har delteke i spørjeundersøkinga, et mindre frukt, grønsaker og fullkornprodukt, og kan hende får i seg meir sukker enn det som er anbefalt i norske kosthaldsråd, seier forskaren.

En liten del av utvalet ser ut til å få i seg meir sukker enn anbefalt. Halvparten rapporterer at dei et søtsaker og salthaldig snacks kvar veke. 10 prosent rapporterte dagleg konsum av drikke med sukker.

– Funna overraskar oss, og det er behov for å følgje opp med nye studiar, seier Groufh-Jacobsen.

Ho legg til at det er viktig å minne om at det er brei semje blant fagfolka om at eit vegetarisk kosthald er tilstrekkeleg i alle fasar av livet, men det forutset at kosthaldet dekker dei behova kroppen har for næringsrik mat.

Den nye studien er gjennomført som ei spørjeundersøking via nettet. Blant deltakarane var 530 kvinner og 278 menn. Dei har rapport om kosthaldsvanar, eiga helse og motivasjonen for å følgje plantebaserte diettar.

– Klimaomsyn, helse og dyrevelferd viser seg å vere dei viktigaste motivasjonsfaktorane for å følgje ein plantebasert diett, seier forskaren.

Referansar

  1. Synne Groufh-Jacobsen mfl: Dietary Habits and Self-Reported Health Measures Among Norwegian Adults Adhering to Plant-Based Diets. Front. Nutr., 2022.

  2. Synne Groufh-Jacobsen mfl: Vegans, Vegetarians and Pescatarians Are at Risk of Iodine Deficiency in Norway. Nutrients, 2020.