Guri Rørtveit blir ny direktør for Folkehelseinstituttet
Instituttleiar og professor i allmennmedisin ved Universitet i Bergen Guri Rørtveit blir ny direktør for Folkehelseinstituttet (FHI) og tiltrer stillingen 18. mars i år.
Rørtveit (58) er professor i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen og leiar Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen.
– Eg er svært nøgd med tilsettinga av Rørtveit i denne viktige stillinga. Ho er utan tvil godt kvalifisert med si lange og breie erfaring både som lege og forskar – og som leiar for sterke kunnskapsmiljø. Eg ser fram til eit godt samarbeid med ho og Folkehelseinstituttet framover, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Rørtveit blei uteksaminert som lege frå Universitetet i Trondheim i 1991, og er spesialist i allmennmedisin. Ho har doktorgrad frå Universitetet i Bergen frå 2004. Rørtveit har arbeidd som allmennlege i over 15 år i Øksnes og Bergen kommune. Ho har vore forskingsleiar ved Allmennmedisinsk forskingseining i Bergen ved UNI Research Helse. Ho blei professor i 2009 og frå 2016 har ho leia Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen.
Rørtveit har også erfaring frå ulike styrer, mellom anna som styreleiar for Chr. Michelsens Institutt og som styremedlem i Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress. Ho har også vore medlem av HelseOmsorg-21-rådet.
– Samspelet mellom samfunn og individuell helse har alltid interessert meg, og eg gler meg til å arbeide for betre folkehelse saman med dei dyktige fagfolka ved Folkehelseinstituttet. Direktørjobben gir ein unik moglegheit til å bidra til tilrettelegging for god helse, seier Guri Rørtveit.