Pusteteknikk og meditasjon kan hjelpe stressa helsepersonell
Legar som brukte ein spesiell yogateknikk, hadde færre stressymptom enn legar som fekk vanleg stresshandteringshjelp, skriv forskning.no og UiO.
Professor Fahri Saatcioglu ved Universitetet i Oslo er molekylærbiolog og forskar på kreft, hovudsakleg prostatakreft.
– Opp gjennom åra har eg blitt stadig meir interessert i øvingar for kropp og sinn og korleis dei verkar. Eg starta sjølv med yoga, meditasjon og pusteøvingar i starten av karrieren min, fortel han.
– Eg opplevde at det hadde positiv effekt på meg. Eg vart nysgjerrig på mekanismane bak og starta å fylgja med på den vitskaplege litteraturen på temaet.
Etter kvart vart han så nysgjerrig at han gjennomførte ein studie sjølv.
– For ti års tid sidan undersøkte vi effekten av ein yoga-variant som heiter Sudarshan Kriya Yoga, eller SKY, seier Saatcioglu.
– Vi fann at etter berre to timar kunne vi påvisa endringar i genuttrykket i bestemte typar immunceller. Det pirra nysgjerrigheita endå meir.
Då pandemien kom, tilbaud han SKY-programmet til 1 700–1 800 helsepersonell i Europa i samarbeid med den ideelle organisasjonen International Association for Human Values og The Art of Living Foundation.
Deltakarane brukte 90 minutt om dagen i tre dagar for å læra programmet. Etter det trente dei heime, helst dagleg i omtrent 20–30 minutt.
– Mi lesing av litteraturen tyder på at SKY så langt er det beste individuelle programmet mot utbrentheit hjå legar, seier Fahri Saatcioglu.
– Det kan potensielt forbetrast, eller andre liknande program kan bli utvikla i framtida. Det viktige er at institusjonane tek den mentale helsa til behandlarane på alvor, seier han.
– Det kan redusera utbrentheit og gjera det lettare å halda på personalet. Ikkje minst kan det bidra til færre feil i pasientbehandlinga og dermed spara både menneskelege kostnadar og økonomiske. I USA reknar ein med at helsevesenet kvart år tapar inntekter tilsvarande 4,6 milliardar dollar på medisinfeltet på grunn av tapte arbeidstimar og høg turnover blant legane.
– Den reelle kostnaden er mykje høgare. Vi kan òg ta med medisinske feil forårsaka av utbrentheit, som er vanskeleg å rekne ut. Det er store summar.
Han understrekar at det trengst meir forsking. Han ynskjer å gjennomføra ein studie i Noreg. Forskarane har levert søknad om midlar i eit anna europeisk land.
– Det er fleire aspekt vi ynskjer å ta med i framtidige studiar. Til dømes skulle vi gjerne hatt lengre oppfylgingsperiodar for å sjå kor lenge effektane varer. Vi ynskjer òg å inkludera fleire menn, for i denne studien var om lag nitti prosent av deltakarane kvinner. Yrkesgrupper utanfor helsevesenet med stress kan òg vera aktuelle, seier han.
– Vidare er det interessant å fylgja det fysiologiske sporet. Eg nemnde endringar i genuttrykket i immunceller, og det vil òg vera interessant å studera mellom anna utvalde hormon, hjarte-kareffektar og andre delar av immunsystemet.
Referansar
Asli Korkmaz, Fahri Saatcioglu mfl.: Sudarshan Kriya Yoga Breathing and a Meditation Program for Burnout Among Physicians. A Randomized Clinical Trial. JAMA Network Open, 2024. Doi:10.1001/jamanetworkopen.2023.53978
Fahri Saatcioglu mfl.: The Promise of Well-Being Interventions to Mitigate Physician Burnout During the COVID-19 Pandemic and Beyond. JCO Oncology Practice, 2022. Doi.org/10.1200/OP.22.00108
Su Qu, Fahri Saatcioglu mfl.: Rapid Gene Expression Changes in Peripheral Blood Lymphocytes upon Practice of a Comprehensive Yoga Program. PLOS ONE, 2013. Doi.org/10.1371/journal.pone.0061910