Utviklinga i norsk kosthald går feil veg

Foto: Yay Images.

Det har over tid vore stor nedgang i forbruket av korn, fisk og sjømat, grønsaker, frukt og bær - alt ein bør ete meir av av omsyn til helsa. Eitt lyspunkt finst likevel: Kurva på raudt kjøtt har snudd.

Dette viser rapporten Utviklingen i norsk kosthold, Helsedirektoratets årlege statusrapport over forbruket av matvarer i Noreg.

– Eit usunt kosthald er ei av dei viktigaste årsakene til hjarte- og kar­sjukdom, kreft og diabetes type 2, som er dei sjukdommane som tek flest liv og gode leveår. Vi må ete meir fullkorn, meir grønt og meir fisk. Utviklinga over tid viser det motsette. Det er heilt openbert at det må nye tiltak til på samfunnsnivå for å snu skuta, seier Linda Granlund, divisjons­direktør i Helsedirektoratet.

Kornforbruket har gått nedover sidan 2000-talet. Frå 2022–2023 har forbruket gått ned med 4 prosent, til det lågaste nivået sidan 90-talet. Ifølgje Ipsos´ Norske Spisefakta har andelen som dagleg et halvgrovt, grovt eller ekstra grovt brød gått nedover. Dei eldre et oftare grovt og ekstra grovt brød enn dei yngre. Berre 9 prosent blant dei mellom 15 og 24 år et grovt brød dagleg. Helsedirektoratets kostråd anbefaler å la grovt brød eller andre fullkornprodukt vere ein del av fleire måltid kvar dag.

– Å auke inntaket av fullkorn vil ha stor gevinst for helsa. Sjukdomsbyrdeprosjektet (Global burden of disease), gir mellom anna data om samanhengen mellom kva vi et og risikoen for å utvikle ulike sjukdommar. For Noreg var eit lågt inntak av fullkorn den kosthaldsrelaterte risikofaktoren som bidrog mest til hjarteinfarkt og tjukk- og endetarmskreft i 2021, seier Granlund.

Ei positiv utvikling finst i tala. Kjøttforbruket går ned. Forbruket av raudt kjøtt har minka med sju prosent frå 2022 til 2023. Likevel er forbruket framleis høgt. Ifølgje tal frå Ipsos’ Norske Spisefakta blir det framleis ete langt fleire middagar med kjøtt i veka enn fiskemiddagar. Helsedirektoratets kostråd tilrår å velje fisk og sjømat, bønner og linser oftare enn raudt kjøtt.

– Det ser heilt klart ut til at auken i kjøttforbruket har flata ut, noko som er svært gledeleg. Vi håpar på ein vidare nedgang i åra framover. Forbruket av raudt kjøtt har over lang tid vore vesentleg høgare enn fiskeforbruket, og dessverre ser vi at nedgangen i fiskeforbruk held også fram i 2023, seier Granlund.

Smak og pris er framleis dei to faktorane forbrukarane legg mest vekt på når dei handlar matvarer. 78 prosent oppgir å leggje mest vekt på pris, medan 69 prosent vektlegg smak sterkast. 54 prosent legg mest vekt på at maten er bra for helsa.

– Vi veit godt at pris og tilgjengelegheit er dei viktigaste drivarane når folk handlar. Om den maten som er bra for helsa hadde vore det rimelegaste valet, hadde vi nådd langt. Då hjelper det lite at fisk og sjømat var ei av matvaregruppene med størst auke i konsumprisindeksen sidan 2015, medan kjøtt og sukker hadde mykje lågare auke. Nye tiltak må ta omsyn til folk si lommebok, avsluttar Granlund.