Tilrår kortare antibiotikakurar for å førebyggje resistens

Foto: Helsedirektoratet.

Helsedirektoratet har no oppdatert retningslinja for bruk av antibiotika i primærhelsetenesta.

– Vi må bruke antibiotika rett for å førebyggje resistens, seier avdelingsdirektør for samfunnshelse, Knut Berglund, i Helsedirektoratet.

Retningslinja Antibiotika i primærhelsetjenesten, som er ein av Helsedirektoratets mest brukte, gir tilrådingar om kva infeksjonar som bør behandlast med antibiotika, og kva type antibiotikakur ein i så fall bør velje.

– Ny kunnskap viser at vi i fleire tilfelle kan redusere lengda på behandlingstida, samtidig som vi held oppe effekten i kampen mot infeksjonar. Det gjer også at risikoen for utvikling av antibiotikaresistens blir redusert, seier Berglund.

Dei viktigaste endringane i retnings­linja er:

Ved pneumoni, KOLS-forverring og cystitt hos gravide er standard behandlingslengd redusert frå sju til fem døgn.

Tilrådinga om akutt mellomørebetennelse er supplert med eit avsnitt om infeksjon i øyre med ventilasjonsrøyr.

Ved oppstart av sepsisbehandling utanfor sjukehus er førsteval endra til benzylpenicillin og gentamicin. Gentamicin har no vorte einklare å administrere utanfor sjukehus ettersom ferdigfylte infusjonsposar med gentamicin har vorte tilgjengeleg. For barn er standardbehandling framleis cefotaksim.

Også fleire andre tilrådingar er endra eller supplert for å ta høgd for dagens resistensbilete. I tillegg er det gjort mindre justeringar og presiseringar i ei rekkje tilrådingar.

– Alle kapitla i retningslinja blir gjennomgåtte fagleg kvart år, sjølv om ikkje alle blir justerte årleg. Endringane er baserte på nye studiar, kunnskapsoppsummeringar og resistensforhold, seier Berglund.

Retningslinja blir laga i nært samarbeid med Antibiotikasenteret for primærmedisin og eit tilknytta nettverk av klinikarar.

Verdshelseorganisasjonen har erklært antibiotikaresistens som ei av dei største helseutfordringane vi står over for. Sjølv om vi i Noreg har eit relativt lågt forbruk av antibiotika samanlikna med mange andre land, har vi som mål å redusere bruken innanfor fleire område.

– Generelt ønskjer vi at færre bruker antibiotikakurar til å behandle infeksjonar som kan gå over av seg sjølv, seier Berglund.